Navn, alder og verv i ONF?
– Kristoffer Myklebust Egset, 25 år gammel. Medlem av hovedstyret.
Hvor kommer du fra?
– Eg brukar å sei at eg er født og oppvokse på Kristiania, men i realiteten er eg frå verdas beste bygd – Ørsta på Sunnmøre. Her er det flyplass, Kjøpesenter, og biffbagett, sei ikkje meir. (og nei det teke ikkje 1 time å gå til rådhuset).
Hvilken fagskoleutdanning har du/hvilken fagskole går du på nå, og hva studerer du?
– Eg går foreløpig fortsett på Fagskulen Kristiania, der eg studerer Prosjektledelse. No står eg med valmoglegheiter for neste kurs. Eg «trekkjer mot» innovasjon, prosessleiing og kommunikasjonsfag, vi får sjå.
Hvordan kom du frem til ditt valg av studieretning?
– Eg har erverva meg ei bachelorgrad på Høgskulen Kristiania i HR, der eit av faga var prosjektledelse. Det blei fort mitt favorittfag.
Faget lot meg jobbe praktisk og anvende teorien og opparbeide ferdigheiter. Kanskje den gøyaste eksamensoppgåva eg har skrive. Dette førte til ein interesse for prosjektarbeid, prosesseffektivisering og verktøy for å realisere det. Så når eg leverte bachelor så meldte eg meg opp til Prosjektledelse.
Hvor lenge har du kjent til ONF, og vært aktiv i organisasjonen?
– Eg vil vel kunne påstå at eg har indirekte vert aktiv sidan 2020- då var eg studentleiar på Kristiania der fagskulen fungerer som ein viktig del. Sjølv om eg har vert mest fokusert på Studentorganisasjonen vår samt Norsk Studentorganisasjon dei siste 3 åra. No går eg av som sentralstyremedlem der og inn i i Hovudstyret til ONF. Så det er vell først no eg kan skryte på meg at eg er aktiv i organisasjonen, også utanfor «kulissane».
Hvorfor bestemte du deg for å stille til valg, eventuelt gjenvalg, i ONF?
– Eg har eigentleg hatt lyst til å engasjere med i ONF ganske mange år, men har ikkje sett at eg har hatt kapasitet til å gi verdi til ONF. I år så såg eg moglegheita, tok ein rask telefon til valgkomiteen og fikk kome på landsmøtet. Endeleg får eg moglegheita til å bli med på reisa. Høgare yrkesfagleg utdanning er jo «det nye» kule og eg oppriktig meinar at ONF har svaret på ein del samfunnsutfordringar når det kjem til kompetanse, eg har aldri lært så mykje som når eg studerte på fagskulen, og i tillegg på halve tida, det ligg noko her!
Hva innebærer ditt verv i ONF (og evt. hva er ditt ansvarsområde)?
– Eg sitt i Hovedsstyret, som jobber for landsstyret og landsmøtet. Eg har ikkje noko spesifikt ansvarsområde, men fokusområde derimot! Eg bryr meg mest om at vi utviklar oss, og veks strukturert, berekraftig og gjer informerte og gjennomtenkte val som har langsiktig effekt. Med berekraftig utvikling meiner eg at organisasjonen og organisasjonskulturen med sitt engasjement må stå først, det er grunnlaget for det «maskineriet» som skal skape politisk påverking og gjennomslag, den må vi aldri miste. Samtidig som mitt prosjekt- og prosessfokus, så har eg lyst til å bidra til å profesjonalisere prosessar og skape enkle og venlege rutinar for organisasjonen. Eg drar med meg erfaring frå andre ungdomsorganisasjoner, styrearbeid og alle riktige og feil valg Norsk studentorganisasjon har gjort siste åra.
Vist vi beheld kulturen, så har vi mange engasjerte medlemmar, men alle å miste, fordi dei nye som kjem inn vil ta organiasjonen vidare til nye høgder kvart år.
Hvordan planlegger du for å klare å kombinere jobb/studie med vervet i ONF?
– Eg jobbar jo i sektoren, samtidig som eg skal ta vidareutdanning, men både jobben, kursa eg tek og vervet i ONF gir meg så mykje glede, energi og engasjement at eg trur det skal gå heilt fint. Vi skal jo berre fasilitere for at politikarane kan gjennomføre politikken vår, og at medlemmane våra får det best mogleg, kva er bedre enn det?
Hva mener du er viktig for ONF å prioritere i sitt arbeid fremover, og hvilke virkemidler synes du at vi skal ta i bruk i dette arbeidet?
– Eg trur politikarane vil gjennomføre vår politikk. Så strategisk kommunikasjon og kompetanseutvikling om høgare yrkesfaglig utdanning er det viktigaste. Samtidig så må vi fortsette å profesjonallisere ONF, og skape ein bærekraftig kultur og organisasjonsutvikling, om det er så lett som å kontinuerlig oppdatere håndboka er eg ikkje overbevist om, men verktøy, tilgjengeligheit og aktiv kommunikasjon innad og utad er det viktig å lage gode prosessar på.
En av ONFs viktigste arbeidsoppgaver er å styrke studentdemokratiet ved fagskolene. Hva er et godt studentdemokrati for deg, og hvorfor er det så viktig?
– Forutsetningar! ONF skal jobba nasjonalt med organisasjonsutvikling og politiske gjennomslag, men verktøy, erfaringsdeling, en agenda for kommunikasjon på tvers av fagskular er viktig. Eit haustseminar, eller en facebook gruppe, internt sosialt nettverk – det er så mange verkemiddel, men det blir eit kapasitet og prioriteringsspørsmål. Men oppsumert er å skape forutsetningar for kompetanseutvikling og erfaringsdeling for studentdemokratia viktigast.
Hva er det som motiverer/inspirerer deg?
– Eg blir inspirert av medlemslaga, og eldsjelene i Landstyret, hovudstyret og for øvrig sekretariatet også! Det ONF vil få til er ikkje ei sjølvfølge, og det krevjar ein jamn og gjennomtenkt kommunikasjon og et informasjonsarbeid. Den «bevegelsen» om man skal kalle det det, består av folka i organisasjonen, og det er det som inspirerer meg mest. Ein organisasjon med dei beste forutsetningane, og dei beste folka dei beste ambassadørane for høgare yrkesfagleg utdanning – det inspirera meg til å jobbe med saka.
Hva er ditt største ønske på vegne av alle fagskolestudentene fremover?
– Finansiering! Neida (joda). Eg ynskjer fagskulestudentane lykke til med studietida og engasjementet i ONF. Høgare yrkesfagleg utdanning, både enkelt kurs, grad, (og etterkvart enda høgare grader) er svaret på mange utfordringar framover. Fokus på kompetanse, ferdigheiter klar til anvending. Så lær noko nytt, og snakk om det, slik at fleire melder seg på, og fleire engasjerer seg.